Historia

Fengselet på Leirvik vart bygd mellom 1860-63, i bakken opp mot Vidtsteenparken. Det vart som fylgje av ny fengselslov bygd 56 nye fengsel i landet på den tida.
Fire av desse vart bygga i Søndre og Nordre Bergenhus: Bergen, Voss, Vik i Sogn og Stord. Arkitekt Adolf Schirmer laga typeteikningar, likt for alle desse distriktsfengsla.

Fengselet har 11 celler fordelt på to plan, ei av desse har dobbel storleik. I tillegg kjem kjellar og loft. Sokkeletasjen er mura av store steinblokker. Han er delt inn i nisjer med bogegangar mura av tegl og vart nytta til fyrrom. Her sto tre store omnar som varma opp heile fengselet gjennom kanalar og spjeld. Resten av fengselsbygget er mura i tegl og pussa. Golva er av grov treplank.

Ved sida av fengselsbygget vart det reist ein eigen rettsbygning, også i to etasjar med loft og kjellar. Her var husvære for fengselsvoktaren, men først og fremst rettssal for sorenskrivaren i Sunnhordland. Mellom desse to bygningane er det laga ein smal innebygd gang. Utanfor var det eit plankegjerde, luftegard mot søraust og utedo mot nordvest. Seinare kom det smalehus, løe med flor og eit sjøhus: Det var meininga at fangevoktaren saman med fangane skulle driva eit småbruk på fengselstomta.

Dei to første lensmennene i kommunen var også vaktmeistrar i fengselet og budde der. Dette var David Pedersen frå 1877 til 1903 og Johannes Iversen frå 1904 til 1924. Siste fangevaktaren i fengselet var Bertinus Larsen («Tinusen»), frå 1938 til fengselet vart nedlagt omkring 1964. Enno finns det folk som hugsar godt Tinusen: Han tok godt vare på fangane
og kona gav dei god mat. Fengselet vart etter kvart kjent som «Hotel Tinus» og ofte førstevalet for mange som skulle sona.

Fengselet er mellom dei eldste attverande bygga i  Leirvik sentrum. Rettsbygningen var det første sveitserhuset i Sunnhordland og det første store forsamlingslokalet i kommunen, der også heradsstyret samla seg.
Under krigen vart konfiskerte heimebrentapparat og radioar plassert på fengselsloftet. Det var ved eitt høve under 2.verdskrigen lasarett i fyrkjellaren og elles fungerte det som tilfluktrom. Ei flyalarmsirene stod på taket.

Etter at fengselet hadde stått brakk i ein del år, kjøpte Postverket det i byrjinga av 80-talet. Planen var å riva bygget for å gje plass til ny postsentral, men då mobiliserte grasrota: «Venelaget for Fengselet» vart skipa. I staden for at bygget vart rive, vart det verna gjennom kommunen sin byggverneplan. Posten pussa det så opp for om lag 1 million kroner og vart lokala nytta til kunstutstillingar og andre kulturelle aktivitetar gjennom» Senter for kunst og kultur». Posten selde Fengselet i 1997 til arkitektane Holmedal & Husum. Lokala vart no tilrettelagde for restaurant, og i oktober 2000 kunne dei fyrste gjestene møta desse flotte lokala som berre osar av historie…

Comments (0)

Legg igjen en kommentar